Hopp til hovedinnhold

Skeiv bygdehistorie

Randsfjordmuseet og Valdresmusea inviterer deg til seminar om skeiv bygdehistorie. Målet med seminaret er å løfte fram mangfaldet av livshistorier og drøfte korleis musea kan bli endå betre til å sikre minne etter alle samfunnsgrupper. Musea er del av infrastrukturen i eit demokrati. Men demokratiet funkar ikkje om ikkje alle kjenner seg heime i det. Korleis kan homohistorie og kjønnsoverskridande praksis bli del av museet sitt arbeid?

  • 1/1

Målgruppe for seminaret er tilsette i museum og arkiv, studentar, forskarar, politikarar, bygdefolk og alle andre. Seminaret blir til i samarbeid med Opplandsarkivet og Skeivt arkiv.

Deltakaravgift kr 800,- (inkluderer seminar og festmiddag), elles kr 400,- (berre seminar). Maks 50 deltakarar. Overnatting bestiller du på Fagernes hotell, telefon 61 35 80 00, eller Fagernes camping, telefon 61 36 05 10. 

Påmeldingsfrist er 12.oktober.

Meir informasjon finn du i denne lenka:

Program

12.00    Velkomen ved Hans Philip Einarsen og Ole Aastad Bråten

12.30    Arbeidet ved Skeivt arkiv, ved Bjørn André Widvey 
13.00    Skeiv sex før homoseksualiteten kom til Norge, ved Tone Hellesund,                                Universitetsbiblioteket i Bergen

13.45    Kaffi og småkaker

14.00    Petronelle Nielsen (1797-1886) og dagbøkene hennar, ved Marie Kløvstad Øye
14.30    Skihopparen Johanne Kolstad (1913-1997), ved Ole Aastad Bråten
15.00    Rosengård og maskerade –kjelder og idear for skeiv bygdehistorie, ved Bjørn              Sverre Hol Haugen

15.45    Kaffi og småkaker

16.00    Interseksjonalitet og doble minoritetar, ved Thee-Yezen Al-Obaide
16.45    Samtale: Inge Alexander Gjestvang (Fri Innlandet), Randi Thorsen (ordførar i                  Gran) og representant frå Valdres. Tema: utfordring i Bygde-Noreg, politikk og              mobilisering. Ordstyrar: Knut Aastad Bråten

18.00    Oppsummering
19.00    Middag, fest og underhaldning

Påmelding til: ole.aastad.braten@valdres.museum.no

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1