Seminaret har fått tittelen: Musea og det uhandgripelege – i møte med språk og industri. Seksjonen skriver:
Då museumsfabrikken vart etablert i 1984 var eit mål å ikkje berre sikre det fysiske anlegget for ettertida, men like mykje bruken av utstyr og maskineri og yrkeskompetansen knytt til dei gamle produksjonsprosessane.
I seminaret drøftar vi òg tilhøva mellom kunnskapen og språket, forskinga i feltet – og vi stiller spørsmål om Unesco-konvensjonen i røynda skapar trongare vilkår for den levande kulturarven. På seminaret møter du Ottar Grepstad, direktør ved Nynorsk kultursentrum, Magne Velure, tidlegare museumsmann og kulturbyråkrat, Olav Hamran, leiar for FoU-seksjonen i Norsk kulturråd, Eivind Falk, direktør ved Norsk håndverksinstitutt og Sylvi Sørensen, avdelingsleiar ved Sjølingstad Uldvarefabrik.
Påmelding innen 15. september.
- 1/1
Sjølingstad Uldvarefabrik, Ole Aastad Bråten