Prioritering i bygningssamlinga

Forvaltning, forskning og formidling

Med bakgrunn i eigne behov og oppmoding frå Kulturrådet har Ryfylkemuseet gjennomført ei evaluering av bygningssamlinga. Evalueringa bygger på den metoden som er tilrådd i
Kulturrådets publikasjon «Prioritering i bygningssamlinger». 

Rapporten er utarbeidd på grunnlag av tilstandsvurderingar og arkivstudier som er gjennomført hausten 2015.

Prioritering i bygningssamlinga (2016): 9

  • Prioritering i bygningssamlinga
    1/2
    Framsida på rapporten Prioritering i bygningssamlinga. Bildet er frå Li. Jarle Lunde, Suldal Foto, 2012.
  • Prioritering i bygningssaminga
    2/2
    Bildet på baksida er tatt få om lag same vinkelen førti år tidlegare. Julius Bårdsen, 1971.



"I ei tid der merksemda kring ei berekraftig forvalting av naturressursane aukar, og ein ser at gamle løysingar ofte står seg betre i møte med nye klimautfordringar, kan forvaltinga av gamle bygningar og kunnskapen om korleis dei blei bygde, vera eit bidrag til det som blir kalla det grøne omskiftet."



"Utfordringa for Ryfylkemuseet, og dei fleste andre musea i Norge, er at oppgåvene med å ta vare på husa er større ein dei ressursane ein har til rådvelde for å gjera jobben. Det gjer det ikkje betre at Ryfylkemuseet har bygningane spreidde på ei rekke ulike stader. Vi har kome til
ei sannkjenning av at det er behov for å prioritere."