Hopp til hovedinnhold

Museumsklima og samlingar i møte med økonomiske utfordringar

Dette er arbeidstittelen for Fagdagar 2023, som Bevaringstenestene i Hordaland er godt i gang med å planlegge.

  • 1/1

Å oppretthalde eit godt klima i museet samtidig som straumrekningane går i veret har blitt eit tema for museum verda rundt. Dei omfattande klimaendringane gjer det meir komplisert å halde eit inneklima som er bra for bygningar, gjenstandar og menneske.
Vi planlegg å ha ein sesjon som tek opp erfaringar frå korleis ulike museum handterer klimautfordringar, både i magasin, utstillingar og historiske bygningar. Har du konkrete erfaringar og/eller problemstillinger du meiner har interesse for andre? 

Vi inviterer deg til å sende eit kort abstrakt (ca 100 ord). Vi har rom for innlegg på om lag 15 minutt, og er ute etter å høyre om uløyste problem så vel som korleis musea har løyst slike utfordringar. 

Aktuelle tema/problemstillingar kan vere
• Klima i utstillingslokale
• Samlingar, klima og magasin
• Klima i historiske bygningar med inventar
• Avgjerdsprosessar rundt klima i museet
• Løyste ikkje prosjektet problemet? Fortel oss gjerne kvifor!
 Send ditt forslag til bevaringstenestene@muho.no innan 1. januar 2023

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1