Å oppretthalde eit godt klima i museet samtidig som straumrekningane går i veret har blitt eit tema for museum verda rundt. Dei omfattande klimaendringane gjer det meir komplisert å halde eit inneklima som er bra for bygningar, gjenstandar og menneske.
Vi planlegg å ha ein sesjon som tek opp erfaringar frå korleis ulike museum handterer klimautfordringar, både i magasin, utstillingar og historiske bygningar. Har du konkrete erfaringar og/eller problemstillinger du meiner har interesse for andre?
Vi inviterer deg til å sende eit kort abstrakt (ca 100 ord). Vi har rom for innlegg på om lag 15 minutt, og er ute etter å høyre om uløyste problem så vel som korleis musea har løyst slike utfordringar.
Aktuelle tema/problemstillingar kan vere
• Klima i utstillingslokale
• Samlingar, klima og magasin
• Klima i historiske bygningar med inventar
• Avgjerdsprosessar rundt klima i museet
• Løyste ikkje prosjektet problemet? Fortel oss gjerne kvifor!
Send ditt forslag til bevaringstenestene@muho.no innan 1. januar 2023