- 1/1
Jarle Lunde, Suldal foto
Musea forvaltar kring 5 000 bygningar. Men mange av musea er på etterskot med vedlikehaldet alt før klimaendringane gjer jobben tøffare.
Klimaendringane aukar risikoen for vassinntrenging i bygningar, flaum, groing, sopp, rote, angrep av skadedyr, korrosjon og frostsprenging. Det er aukande fare for lekkasjar og brå skadar. Ein lengre vekstsesong gir attgroing og eit endra kulturlandskap.
Musea har for små ressursar til å møte eit veksande behov for vedlikehald og det er behov for å styrke kunnskapen om materialar, verktøybruk og arbeidsmetodar. God kunnskap om tradisjonshandverk ser ut til å vera den beste måte å møte utfordringane på.
Kunnskap om tradisjonelle byggemåtar og bruk av kortreiste materialar kan gi viktige bidrag til meir klimavennlege løysingar også i nye hus.