Hopp til hovedinnhold

Seminar om immateriell kulturarv 6.-7.november

Seminaret er lagt til Sjølingstad Uldvarefabrik i Mandal og arrangeres av Seksjon for immateriell kulturarv i Norges Museumsforbund.

Seminaret har fått tittelen:  Musea og det uhandgripelege – i møte med språk og industri.  Seksjonen skriver:

Då museumsfabrikken vart etablert i 1984 var eit mål å ikkje berre sikre det fysiske anlegget for ettertida, men like mykje bruken av utstyr og maskineri og yrkeskompetansen knytt til dei gamle produksjonsprosessane. I seminaret drøftar vi òg tilhøva mellom kunnskapen og språket, forskinga i feltet – og vi stiller spørsmål om Unesco-konvensjonen i røynda skapar trongare vilkår for den levande kulturarven. På seminaret møter du Ottar Grepstad, direktør ved Nynorsk kultursentrum, Magne Velure, tidlegare museumsmann og kulturbyråkrat, Olav Hamran, leiar for FoU-seksjonen i Norsk kulturråd, Eivind Falk, direktør ved Norsk håndverksinstitutt og Sylvi Sørensen, avdelingsleiar ved Sjølingstad Uldvarefabrik.

Påmelding innen 15. september.

  • 1/1
    Sjølingstad Uldvarefabrik, Ole Aastad Bråten

Les mer på Norges Museumsforbunds sider:

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1